Å få lov å vere både lik og forskjellig frå andre norske familiar. Akkurat dette er svært viktig for informantane i Monica Five Aarset sitt doktorgradsarbeid om familiestrukturar i pakistansk-norske og indisk-norske middelklassefamiliar.
Felles for alle er at dei er svært bevisste på stereotypiane som rår om innvandrarfamiliar, og at dei meiner at dei sjølv ikkje er slik. Aarset er forskar ved Institutt for samfunnsforsking og skriv på ei avhandling med arbeidstittelen «Familiedannelse, kjønn og generasjon blant høyt utdannede med innvandrerbakgrunn».
Spydspiss for likestilling
– Middelklassen er interessant fordi han alltid har vore ein spydspiss for individualisering og likestilling, seier Aarset.
I den norske debatten om integrering er den norske middelklassefamilien sin måte å organisere livet på blitt mønsteret innvandrarfamiliar blir målt opp mot. Dei er sjølve idealet for den velintegrerte familien.
– Middelklassefamiliar med minoritetsbakgrunn får ofte færre barn, giftar seg seinare og tek høgare utdanning. Dei blir gjerne framstilt som meir ‘norske’ enn andre familiar med minoritetsbakgrunn. Det eg vil sjå på er kva alt dette inneber i praksis for dei, og korleis norskheit framstår for desse familiane, seier Aarset.
I intervjua snakkar Aarset og informantane om små og store spørsmål i kvardagen. Utvalskriteriet for å bli med i Aarset sin studie er at ein eller begge ektefellane har høgare utdanning. I dei fleste familiane er begge ektefellane født og oppvokse her, men i nokre av forholda er ein av ektefellane innvandra frå foreldregenerasjonen sitt heimland.
– Småbarnsfamiliar med to foreldre i jobb ligg ganske langt unna den type minoritetsfamilie som får mest merksemd i Noreg?
– Prosjektet mitt gir ikkje eit statistisk rett bilete av den generasjonen av innvandrarar eller av pakistanarar eller indarar. Desse er etterkomarar av første generasjon og mange av dei tek høgare utdanning. Dei er ein sterkt veksande del av den nye middelklassen, og difor er det interessant å forske på dei, seier Aarset.
Å vere norsk
Korleis vere norsk og på kva måte ein kan gje barna det aller beste utgangspunktet i det landet dei lever i er eit spørsmål dei familiane Aarset har snakka med er svært opptekne av.
– Felles for alle er at dei har ei sterk erfaring med det å vere minoritet sjølv. Dei er opptekne av at det skal bli lettare for barna deira. Difor er det svært viktig for dei at barna deira blir trygge på det å vere norske. Det å lære for eksempel urdu eller punjabi kjem for mange i andre rekke, seier Aarset.
Dei muslimske familiane var spesielt opptekne av akkurat dette. Dei var tydelege på at dei ser på seg sjølve som norske muslimar. Samstundes var dei også urolege over korleis det vil bli å vere muslim i Noreg i framtida.
– Ein av informantane sa til meg at «viss barna våre får problem, er det sårare enn det var for oss. Vi kunne seie til oss sjølv at det vart problem fordi vi kom frå ein annan stad. Men det kan ikkje barna våre seie, for dei er jo herifrå.» Om barna blir avviste som norske, har dei heller ingen annan stad å vere. Dei kan ikkje reise tilbake til landet der foreldra deira vaks opp, for dei vaks jo også opp her. Fleire sa at dei ikkje visste kvar dei og barna skulle dra viss det skulle bli for ille å vere muslim i Noreg. Slike problemstillingar er noko dei tenkjer mykje på, og som dei gjer val i høve til, seier Aarset.
Inkluderer India
Då Aarset byrja arbeidet med avhandlinga var planen å skrive om familiar med røter i Pakistan. Sidan valde ho å også ta inn informantar med bakgrunn frå India. Til no har ho vore i kontakt med eit tjuetals familiar.
– Då eg byrja gjere intervju sa fleire av informantane mine til meg at «du må også snakke med den indiske veninna mi om dette, for ho har det akkurat slik som meg». Eg tenkte at det kunne vere fruktbart fordi eg då også kunne løyse litt opp i det sterke muslimfokuset som dominerer i den norske integreringsdebatten, seier ho.
Det å også inkludere indiske familiar i studien gir fleire fordelar, meiner Aarset.
– Det gir ein muligheit til å undersøke forskjellar og likskapar som går på tvers av kultur, religion og nasjonalitet.
Koranskole via Skype
I den norske integreringsdebatten blir koranskolar, utstrakt kontakt med heimlandet gjennom hyppig reiseaktivitet og titting på kabel-tv ofte framheva som problematiske trekk som hindrar integrering. I Aarset sin studie blir det tydeleg at desse aktivitetane også kan vere ein ressurs.
– Forskinga mi blir eit korrektiv til den alltid problemorienterte minoritetsdiskursen. Kontakt med heimlandet er positivt for desse familiane. Transnasjonale band er ikkje berre eit hinder for integrering. Familiane reiser og besøker familie i England, Frankrike, Pakistan, Dubai og USA. Reisene gir barna eit blikk inn i den store verda, seier Aarset.
For dei muslimske middelklassefamiliane er koranskolane som enkelte sender barna sine på i fritida også ein del av prosjektet med å gjere barna norske. Dei vil at koranskolen skal hjelpe barna med å utvikle ein identitet som norske muslimar.
– Mange av familiane i studien har to utearbeidande foreldre. Dei har ein hektisk kvardag. Nokre vel da å la barna ta koranskolen heime i stova via Skype. Dermed får dei større kontroll over kva barna lærer samstundes som dei sparer tid. For desse familiane blir koranskolen heller ikkje nokon tidstjuv i høve til andre «norskare» aktivitetar, seier Aarset.
Ein annleis middelklasse
Kvardagslivet i dei familiane Aarset skriv om i avhandlinga si er i stor grad likt det ein finn i andre norske familiar. Mange av dei har to utearbeidande foreldre, dei sender barna i barnehagen, køyrer barna til fritidsaktivitetar og er i ei evig tidsklemme. Fleire har også luftige leilegheiter med store, blanke flater og designmøblar. Samstundes finst det forskjellar.
– Fleire i utvalet mitt lever i eit arrangert ekteskap. Nokre er gift med søskenbarnet sitt. Middelklasse er ikkje synonym for kjærleiksekteskap og kjernefamilie. Desse familiane utfordrar vårt bilete av typiske middelklassefamiliar, seier Aarset.
Balansekunst
Det å bu saman med mannens familie er eit tema i fleire av familiane. Mange opplever at det ligg ei forventing om at dei skal gjere det. Måten å bu på er eit forhandlingsspørsmål familiane løyser på ulik måte.
– Nokre gjer det i ein periode i livet, for å spare pengar, medan barna er små, eller viss dei flyttar på seg mellom land.
Spørsmålet om korleis ein skal bu er kjelde til mykje strid. Eit av spørsmåla familiane forhandlar om er kva som er kjernen i familien og om kvar lojaliteten ligg, er det lojaliteten mellom ektefellane som er viktigast, eller er det lojaliteten til foreldra og svigerforeldra?
– Eg har intervjua fire som er skilde. Der er skilsmissen, etter det dei fortel sjølv, forårsaka av slike lojalitetskonflikter. Det som har gjort det vanskeleg for kvinnene i desse ekteskapa er at dei forventar at ektefellane skal ta avgjerdene saman, men at dette blir gjort vanskeleg på grunn av forholdet til mannens foreldre, fortel Aarset.
Mennene i desse ekteskapa må drive med ein slags balansekunst.
– Ein av informantane formulerte det veldig treffande. Han sa at «det er som å balansere på ein knivsegg. Eit steg feil her og du får kjeft her, eit steg feil der og du får kjeft der. Kjeft får du uansett.»
Generasjonsperspektiv
Aarset meiner familiane i studien hennar gjer val som inneber både endring og kontinuitet i forhold til foreldregenerasjonen.
– Valgene familiane gjer ligg i spenningsfeltet mellom kollektive og individualiserte verdiar og førestillingar. Når ein snakkar om individualisering og makt i familiar i ein majoritetskontekst er det som oftast fokus på kjernefamilien og på parrelasjonen. I dei familiane eg studerar er det vel så relevant å trekke inn eit generasjonsperspektiv, seier Aarset.
Doktorgradsprosjektet til Monica Five Aarset har arbeidstittelen «Familiedannelse, kjønn og generasjon blant høyt utdannede med innvandrerbakgrunn». Ho er ansatt på det overordna prosjektet «Nye familiekulturer: kjønnede intimitetsformer og livsprosjekter i omforming», leia av seniorforsker Jorun Solheim ved Institutt for samfunnsforskning. Prosjektet har finansiering frå Kjønnsforsknings-
programmet til Forskningsrådet.