Er Forsvaret klare for kvinneleg verneplikt?

Det finst framleis ein viss skepsis mot kvinnelege soldatar i Forsvaret. No som det første kullet med vernepliktige kvinner kjem, må det endringar til, ifølgje forskar.
Dagens militære kvinner har høg toleranse for mannskulturen i Forsvaret. Dette kan endre seg som følgje av innføringa av kvinneleg verneplikt. (Illustrasjonsfoto: Johannes Roaldsen Fürst/Hæren)

Da ein militærtropp får inn en kvinneleg soldat for første gong, blir ho kalla inn på sjefen sitt kontor: «Eg kjem ikkje til å behandle deg annleis enn dei andre soldatane», seier sjefen. «Det har du allereie gjort», svarar den kvinnelege soldaten.

Dette er ei vandrehistorie frå det amerikanske Forsvaret. Men ho peikar på problemstillingar også det norske Forsvaret må ta stilling til, som følgje av innføring av kvinneleg verneplikt og ambisjonar om å auke talet på kvinner.

Er det å behandle kvinner og menn forskjellig det same som diskriminering, eller er det naudsynt for å skape reell likestilling?

Likestilling på dagsorden

Dei siste åra har det vore forska mykje på Forsvaret i eit kjønnsperspektiv. Forskinga har mellom anna peika på den sterke mannskulturen i militæret, der kvinner blir sett på som noko framandt som ikkje passar inn. Mannsdominansen skapar grobotn for seksuell trakassering, mellom anna som følgje av at menn har dei fleste maktposisjonane, og at seksuell trakassering skjeldan får konsekvensar.

Forsvaret og Forsvarsdepartementet har sjølv finanisert  mykje av forskinga, noko som vitnar om at likestilling og det å få fleire kvinner inn i Forsvaret er høgt oppe på den forsvarspolitiske dagsordenen.

Blant tiltaka er forsøk med såkalla kjønnsblanda rom, at mannlege og kvinnelege soldatar bur på same rom under førstegongstenesta. Erfaringa så langt er at kjønnsblanda rom stort sett skapar betre lagkjensle og auka toleranse for kvinnelege soldatar.

Mindre tafsing

– At kvinner og menn bur på same rom gjer at dei ser kvarandre som menneske, og i mindre grad som kjønn. Å skilje kvinner og menn frå kvarandre skapar myter og distanse, medan gjentatt eksponering aukar toleransen og forståinga for kvarandre, seier Nina Hellum, forskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI). Ho står bak ein ny rapport om kjønnsblanda rom i det norske Forsvaret.

– Konfliktane som oppstår på kjønnsblanda rom i denne studien har meir med forskjellar i personlegdom å gjere enn kjønn.

Forskaren meiner at kjønnsblanda rom også ser ut til å redusere eventuell seksuell spenning mellom rekruttane. Ei av dei kvinnelege rekruttane ho intervjua opplevde at dei som bur på rom saman blir som ein familie:

«Du ser på dem som brødrene dine. Og innimellom så er man dritt lei de man er i troppen med, og andre ganger er de kjempekule. Så i hvert fall for min del, da, så.., det er brødrene mine, jeg kunne aldri tafsa på brødrene mine på noen måte».

Les også: Sier ja til jenter

Forsvaret bør sjå nærmare på om dagens praksiar og stammespråk bidreg til å eksludere kvinnelege soldatar, meiner forskar Nina Hellum. (Foto: Forsvarets forskningsinstitutt)

Budde i lag med soldatane

Ei tidlegare, norsk studie av kjønnsblanda rom har kome til liknande konklusjonar. Hellum har studert to leirar der kvinnene var i sterkt mindretal, ein kampbataljon og ein støttebataljon.

I den eine leiren, Skjold leir i Målselv kommune, der 2. bataljon (lett infanteri) og Ingeniørbataljonen held til, var det to kvinner av totalt 30 til 40 soldatar. I Heggelia leir i Bardufoss, som huser Sambandsbataljonen, var det 70 soldatar, berre to av desse var kvinner.

Hellum budde på seksmannsrom saman med soldatane, sov og åt med dei og deltok på øvingar, i ei veke på kvar leir. Ho intervjua også rekruttar og leirarar i leirane.

Også i dei to leirane Hellum studerte, vart kjønnsblanda rom stort sett oppfatta som noko positivt, både blant rekruttar og befal.

Reine guterom er ok, men både menn og kvinner er negative til reine jenterom, fordi dei meiner det er kjelde til intrigar og drama.

Kan kvinner redde ein skada medsoldat?

Medan det å dele rom med ein kvinneleg soldat under førstegongstenesta blir rekna som greitt, er det meir skepsis til kvinnelege soldatar generelt.

Til dømes er namnet på rapporten, «Sminkedritt over hele vasken», eit sitat frå ein mannleg rekrutt, som meinte for at kvinnene lager mykje drama og ikkje følgjer rutinane i militæret. Skal det vere sminke på vasken, skal det vere kamuflasjesminke.

Ifølgje Hellum er det eit argument som går att i debatten om kvinnelege soldatar: Om ein soldat blir skada på slagmarka, så er ikkje ei kvinne sterk nok til å bere han i sikkerheit. Difor bør ikkje kvinner vere i Forsvaret.

– Det er klart at fysisk sterke menn vil vere betre eigna for visse typar teneste. Men både i dag og i framtida har Forsvaret andre kompetansebehov enn berre fysisk styrke.

– For kor ofte er dagens norske soldatar i ein sånn situasjon? Sett bort ifrå nokre få av spesialstyrkene og nokre få andre bataljonar er ikkje dette ei relevant innvending, seier ho.

Forskaren har sjølv støytt på argumentet fleire gonger, men hevdar at ingen av dei som meiner dette kan vise til faktiske episodar der dette har vore eit problem.

– I Sanitetsbataljonen, som har som oppgåve å ta seg av skadde soldatar, er det mange kvinner. Det er jo dei som ber ut såra soldatar, paradoksalt nok, seier ho.

Les også: Soldater må bevisstgjøres om kjønn

Forskjellsbehandling kan vere rett

Ei haldning Hellum ofte har støytt på blant dei militært tilsette i Forsvaret er at like rettar og pliktar fordrar likebehandling, jamfør vandrehistoria om sjefen som gjorde det klart for den kvinnelege soldaten at ho ikkje ville bli behandla annleis fordi ho var kvinne.

– Men no er det jo slik at kvinner og menn faktisk ikkje er heilt like. Nettopp fordi dei ikkje har same føresetnadene, til dømes i fysisk styrke, er det ikkje sikkert at det å behandle folk likt er det same som å gi dei like moglegheiter.

– Eg vil påstå at i nokre tilfelle kan forskjellsbehandling bidra meir til likeverd og likestilling enn å skjere alle over ein kam, seier Hellum.

Må tåle litt ekstra

Hellum peikar på at dei kvinnene som i dag er i Forsvaret er der frivillig og at dei som regel er svært motiverte for tenesta.

– Dei var førebudd på den sterke mannskulturen i Forsvaret og forventa puppebilde på veggen og eit grovt språk. Kvinnene uttrykker at dei må ha ein høg toleranseterskel for kommentarar og tilrop, fordi dei er kvinner. Dei ynskjer ikkje å bli oppfatta som ei «masete dame».

Som ein av dei kvinnelege soldatane sa det:

«[J]eg tenker, at hvis jeg hadde vært mann i Forsvaret, og hadde jobbet med en kvinne som alltid måtte påpeke forskjellen hun følte med å være kvinne, så hadde jeg syntes at det hadde vært litt plagsomt. […] Så derfor lar jeg det bare gå. For jeg vil ikke være hu jenta som må ha likestilling overalt».    

– Militære kvinner oppfattar at det er opp til dei sjølv å trivast, og dermed tilpasse seg det maskuline miljøet. Ingen av dei krev at Forsvaret som organisasjon må endre seg, hevdar Hellum.

Rosa uniformer

Forskaren trur at dette vil endre seg som følgje av innføringa av verneplikt for kvinner. Dei første vernepliktige kvinnene startar tenesta frå sommaren 2016.

– Det kan vere at somme av dei som då kjem inn er mindre motiverte. Det er ikkje sikkert at dei har dei same krava og forventingane som dei kvinnene som er i Forsvaret i dag.

For å møte desse endringane meiner Hellum at Forsvaret må ha ein plan for korleis kvinner kan integrerast betre.

– Og da meiner eg ikkje rosa uniformer og sminkeparties, men til dømes å innføre tilpassa ustyr og sjå nærmare på skikkar, tradisjonar og stammespråk som ikkje lenger har nokon funksjon, anna enn å støyte vekk mange av kvinnene.

Som Hellum sjølv skreiv det i ein kronikk i Dagsavisen: Spørsmålet er ikkje om kvinnene er klare for Forsvaret, men om Forsvaret er klare for kvinnene.

Forskaren
  • Nina Hellum er sosialantropolog og forskar ved Forsvarets forsvarsinstitutt (FFI).
  • Aktuell med rapporten «Sminkedritt over hele vasken» – en kvalitativ feltstudie av kjønnsblandede rom og maskulinitetskultur i Forsvaret.
  • I rapporten kjem det fram at Forsvaret er prega av ein maskulinitetskultur der det kvinnelege ikkje passar inn.
  • Innføringa av kjønnsblanda rom ser ut til å tone ned kjønnsforskjellane blant soldatrekruttane, og redusere fordommane mot kvinnelege soldatar.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.