Utgave: 3-4/2022 Åpent nummer

Kjære lesar (nr. 3-4/2022)

Forside Tidsskrift for kjønnsforskning 3-4-22

Velkommen til årets siste nummer av Tidskrift for kjønnsforsking. I skrivande stund er det ikkje ein sjølvfølge at eit feministisk tidsskrift med nytenkande og kritiske analysar om kjønn, seksualitet og likestilling kan publiserast i åra som kjem, verken i Norden eller på verdsbasis. Det kan høyrast ut som eit pessimistisk science fiction scenario, men er høgst aktuelt. I lys av eit auka nivå av trugslar mot kjønnsforskarar og kjønnsforskingsinstitusjonar møttest fleire nordiske kjønnsforskingstidsskrift for å diskutere vilkåra for å publisere kjønnsforsking på konferansen NORA – Tensions and Potentials in Nordic Feminist and Gender Research sumaren 2022. Samtlege redaksjonar uttrykte bekymring for korleis kjønnsforsking som vitskapeleg og sjølvstendig fagfelt vert diskreditert frå politisk hold. Alle var likevel samde i viktigheita av å oppretthalde tverrfaglege og framifrå tidsskrift i denne tida: No treng me nettopp å vise fram breidda og kvaliteten i feltet vårt. Me oppmodar alle til å ta Tidsskrift for kjønnsforsking i bruk, anten som lesarar, artikkelforfattarar eller bokmeldarar.

I dette dobbeltnummeret viser me fram noko av det som rører seg i det mangslungne norske kjønnsforskingsfeltet i dag. I artikkelen Når kjønn «forsvinner» i regionale omstillingsprogram drøftar Halldis Valestrand korleis kjønnsperspektiv forsvinn ut av institusjonelle og organisatoriske prosesser. Ho sporar korleis nyliberalistiske tendensar i distriktspolitikken gjer at perspektiv på kjønn og likestilling ikkje lenger er med i verken prosessar eller ideal for balansert utvikling. Gjennom både oppsøkande og observerande metodar finn Valestrand at bruk av eksterne konsulentar i omstillingsprosjekt gjer at spelereglane for demokratisk og likestilt deltaking endrar seg, og kvinner taper terreng.

At kjønnsperspektiv forsvinn skriv også Julie Katrine Flikke om i sin artikkel Internasjonalisering av norsk akademia: Kjønnslikestilling som blindflekk. Her argumenterer Flikke for korleis det, i NTNU si internasjonaliseringspolitikk, manglar ei kopling mellom kjønnsbalanse og internasjonalisering. Gjennom ei diskursanalytisk tilnærming viser ho at institusjonen ikkje er bevisst på korleis tema som internasjonalisering, kjønnsbalanse og internasjonalt mangfald heng saman og påverkar kvarandre i dagens akademia. Tvert i mot, meiner Flikke: Internasjonalisering vert strategisk operasjonalisert til å handle om toppforsking gjennom ein diskurs som er merittbasert og kjønnsnøytral. Denne såkalla nøytrale diskursen om internasjonalisering har sterke kjønna implikasjonar og konsekvensar.

Vilkår for likestilling er også tema i artikkelen Ekte politiarbeid? Utvikling og uttesting av et prestisjehierarki for politiarbeid, skrive av Brita Bjørkelo, Tatanya Ducran Valland, Tanja Nordberg og Marie-Louise Damen. Her lanserer forfattarane eit prestisjehierarki for politiarbeid, det vil seie kva for slags former for politiarbeid som gir høg eller låg prestisje, basert på ei undersøking blant tilsette i politiet. Med dette prestisjehierarkiet viser forfattarane korleis normer for kjønn framleis verkar inn på det som politiet sjølv kallar for «det ordentlege politiarbeidet».

Kva som får status som ordentleg eller «best» verkar inn på diskursar om norske elevars ferdigheiter i digital lesing, ifølge Mette Maria Rønsen Gjerskaug i artikkelen Digital lesing som kjønnet ferdighet – om betydningen av kjønn og sosial klasse i kortrapportene om PISA 2009 og ePIRLS 2016. Ho argumenterer for at særleg kjønn, men òg klasse, vert skrive fram som avgjerande for korleis elevar meistrar standardiserte prøvar for lesing. I kortrapportane finn Rønsen Gjerskaug at gutar vert konstruerte som svake lesarar og jenter som sterke lesarar, noko som bidrar til kjønna førestillingar om digital lesing.

I artikkelen Å formes som prest – en psyko-sosial tilnærming til profesjonell identitet, subjektivitet og kjønn viser Sissel Merete Finholt-Pedersen korleis førestillingar om kjønn også kan påverke utviklinga av profesjonell identitet. Gjennom å undersøke to teologistudentar sine fortellingar om kvifor dei har valt å utdanne seg til presteyrket, opnar Finholt-Pedersen for ei analyse av korleis individuelle, kjønna livshistorier er vevd saman med breiare prosessar i samfunnet, slik som modernisering og likestilling.

Kulturelle normer for kjønn og identitet er tema i artikkelen «Åja, drikker du ikke? Jeg trodde du var litt mer norsk» Alkoholens betydning for opplevelse av tilhørighet blant unge voksne med krysskulturell oppvekst i Norge. Her diskuterer Tina Bojovic, Ingunn Studsrød og Elisabeth Enoksen kva alkohol og alkoholhandtering tyder i møtet mellom norskheit og unge med krysskulturell oppvekst. Artikkelen bygg på kvalitative intervju der unge vaksne med etnisk minoritetsbakgrunn beskriv ein normalisert ungdomsdrikkekultur, der det å drikke alkohol og festing fungerer som eit kriterium for å høyre til i norsk majoritetskultur.

Siste artikkel ut er I de sosiale ytterkantene. Konstruksjoner av kjønn og maskuliniteter hos norske menn i ufrivillig sølibat av Fredrik Langeland, Lin Prøitz, Kamilla Knutsen Steinnes og Henry Mainsah. Dei har intervjua norske menn som lever i ufrivillig sølibat, men som likevel tar stilling til normer for kjønn, likestilling og maskulinitet. Analysen viser at deltakarane forhandlar sin maskulinitet i opposisjon til både normer om «attraktive», dominante menn, og til «kvinnefiendtlege» menn. Eit viktig funn i artikkelen er at deltakarane ikkje ser ut til å ha ei stor interesse for antifeministiske nettfora.

Sidan dette er eit dobbeltnummer, er det passande å kunne presentere to bokomtalar heilt til sist. Kjersti Fjørtoft har lese Ingeborg W. Owesens bok The Genealogy of Modern Feminist Thinking, Feminist Thought as Historical Present (2021). Boka tar for seg korleis feministisk teori har bidratt til, og er forma av, utviklinga av vestleg, moderne tenking. Den siste bokomtale er skrive av Niels Nygaard, som har lese antologien Frihet, likhet og mangfold: Kjønnsidentitet og seksuell orientering i rettslig, medisinsk og samfunnsvitenskapelig kontekst (2021). Antologien er redigert av Anne Hellum og Anniken Sørlie, og publisert som eit resultat av eit omfattande forskingsprosjekt. Ifølge Nygaard bidrar antologien med viktige og kritiske perspektiv på LHBTI-personar si endra rettsstilling i Noreg.

Med dette dobbeltnummeret takkar me også for oss. Vår redaktørperiode har vore lærerik og spanande, så vel som pandemisk og prega av åtak mot feministisk og skeiv teori, tenking og aktivisme. Me vil seie takk for følgjet til alle lesarar, og takk til alle forfattarar og fagfellar som bidrar til at Tidsskrift for kjønnsforsking kan halde fram me å vere ein viktig møteplass i vårt tverrfaglege felt. Me vil også takke redaksjonssekretær Elin Rekdal Müller for arbeidet, og ynskjer Elisabeth Stubberud og Siri Øyslebø Sørensen varmt velkomne som nye redaktørar.

God lesing!

Ingvil Hellstrand og Lene Myong

Dette er en Open Access artikkel distribuert under vilkårene Creative Commons CC-BY-NC 4.0

DOI: https://doi.org/10.18261/tfk.46.3.1

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.