Saknet av mor

Når moldovske mødrer forsvinn til utlandet etter arbeid, må andre trå til. Eit feltarbeid i Moldova fekk professor Elisabeth L'orange Fürst til å reflektere over korleis vi ser på mor og far her i landet, samanlikna med ein tidlegare sovjetstat.

I artikkelen «Savnet av mor i Moldova – Arbeidsmigrasjon, kjønn og omsorg i et komparativt lys» i Norsk antropologisk tidsskrift, reflekterer Elisabeth L'orange Fürst kring den norske likestillingsdiskursen samanlikna med det moldovske synet på moderskap og kjønn. Fürst har mellom anna intervjua fire familiar i ein fattig landsby sør i Moldova, der mora for fleire år sidan reiste til utlandet etter arbeid.

Fürst var interessert i kven som tok seg av barna i fråværet av mora. Ho fann ut at det ofte var besteforeldra, heller enn far, som stilte opp. Mødrene reiste frå kvardagar som ikkje var til å halde ut, fylte av økonomiske problem og mørke framtidsutsikter. Fleire av dei blei òg ufrivillige ofre for sjølve migrasjonsprosessen, sidan det var vanskeleg å oppdrive gyldige reisedokument.

Mora til «Angela» blei lurt av ein av dei mange lyssky organisasjonane som «hjelpte» folk over grensa og sat att med stor gjeld. Mora til «Katja» blei dopa ned, bortført og enda til slutt i Italia, ei nyre fattigare. Ei eldre landsbykvinne Fürst prata med var rådvill:

«Vi har for tiden mange barn her i landet som lever uten foreldre. Jeg forstår ikke hva som skjer med samfunnet vårt».

Migrasjonskrisa

Etter lausrivinga frå Sovjet i 1991 har Moldova kollapsa økonomisk og sosialt. Kollektive gode som gratis skule- og helsevesen har blitt privatisert, lønene har sokke og arbeidsløysa stige. I løpet av dei siste ti åra reknar styresmaktene at mellom 600 000 og ein million menneske av ein befolkning på 4,4 millionar, har drege til utlandet på leit etter arbeid. Dei fleste jobbar illegalt. Folk i Moldova er uroa over utviklinga.

I dei fire familiane Fürst intervjua var det besteforeldra, spesielt mormora, som tok omsorga for ungane som blei att heime. I eit par av tilfella hadde faren hatt omsorga til å byrje med, men jentene rømde etter kvart til foreldra til mora.

I Moldova er fleirgenerasjonsfamilien, med opptil fire generasjonar under same tak, vel så vanleg som kjernefamilien med mor, far og born, fortel Fürst. Dei tradisjonelle familiebanda frå tsartida har overlevd både det revolusjonære Sovjet og den nyliberale privatiseringspolitikken i ettertid. Besteforeldra fortalde at det både var «naturleg» og fint å ha omsorg for barnebarna sine og dei kunne kjenne seg som like gode som foreldra til barna, påpeiker Fürst.

Når moldovske mødrer emigrerer for å finne arbeid, er det oftast bestemor som tek seg av barna, sjølv om far fortsatt bur heime. (Ill.: www.colourbox.no)

«Mor er best»

Ho fortel at forholdet mellom kjønna i Moldova er ganske annleis enn i Noreg.

På den eine sida finn ein svært tradisjonelle kjønnsroller, spesielt på landsbygda. Det er ikkje uvanleg at menn bankar konene sine og det finst inga lov som forbyr å slå verken kvinner eller born.

På den andre sida sto kvinner relativt sterkt i det sovjetiske samfunnet og deltek i arbeidslivet på line med menn. I det urbane, post-sovjetiske Moldova blir kvinner rekna som sterke og viktige samfunnsbærarar som held både familien og kvardagen gåande. Ein journalist Fürst prata med meinte at når mor dreg klarer ikkje far å ta vare på borna.

«Han passer ikke barna, vasker ikke opp, mens konene, de gjør det som mannen egentlig burde gjøre. Fordi konene arbeider over grensene, er det nå mye depresjoner blant ektemennene. Uten kvinner er det ikke noe særlig. Det er kvinner som holder familien på plass».

Fürst forklarer at medan ein i likestillings-Noreg legg vekt på at mor og far er like gode omsorgspersonar som begge bør delta på like fot, er moldovarar flest klare på at «mor er best».

«Fra mor kommer det mye mer kjærlighet fra hjertet. Far gir sjelden dette. Når du legger deg, kysser mor deg god natt, gir mye mer kjærlighet enn far», seier tenåringsjenta «Natalia».

Bestemora hennar utdjupar:

«Det er mor som gir og lager mat, vasker opp, legger deg, vekker deg, kjefter på deg, men av et godt hjerte, og trøster deg. Besteforeldre gjør så godt de kan. Men det er nå mor som er den beste».

Elisabeth L'orange Fürst. (Foto: Beate Øistad Sletvold)

På bakgrunn av møta med moldovske familiar er det klart for Fürst at analyser av migrasjon, familie og slektskap fort blir mangelfulle om ein nyttar kjønnsnøytrale omgrep som «foreldre». Årsaka er at mor og far har heilt forskjellige roller i samfunnet. Ein forstår heller ikkje mykje av den moldovske fleirgenerasjonsfamilien om ein nyttar den vestlege kjernefamilien som norm, hevdar Fürst.

Språkleg fattigdom

Fürst fortel at ho i møte med den tradisjonelle kjønnskulturen i Moldova tok seg sjølv i, på rein refleks, å ville skolere informantane sine i norsk, «moderne» likestilling. Medan ho var i Moldova byrja ho òg å reflektere omkring den særnorske likskapstenkinga når det kjem til kjønn.

– I Noreg tenkjer vi at forskjell er det motsette av likskap og dimed noko vi ikkje liker. Men det motsette av likskap er jo ulikskap, at nokon har meir ressursar og høgare status enn andre. Ordet «forskjell» inneber ikkje berre ulikskap, men òg mangfald og variasjon, seier Fürst.

Som eit døme peiker ho på at det franske ordet «egalité» gjerne blir omsett til likskap på norsk, sjølv om det òg kan bety likeverd.

– Resultatet er ein språkleg fattigdom som kan føre til misforståingar.

Likskapsfella

Medan det er uproblematisk å snakke om kjønnsforskjellar og til og med å oppvurdere kvinnekjønnet i Moldova, er det same ikkje tilfelle i Noreg, påpeiker Fürst.

– I det politiske likestillings-Noreg har alt prat om noko kvinneleg blitt politisk ukorrekt. Ein snakkar no om to kjønn som om det skulle vore eitt og ein vil bort frå kjønnskategoriseringar i håp om å endre gamle kjønnsstrukturar.

– Det skal meir til for å oppheve ulikskap og undertrykking enn å slutte å prate om kvinner og menn, mødrer og fedrar. Det kan tvert imot tilsløre dei djupe maktstrukturane i samfunnet, i følgje Fürst.

Ein konsekvens av at det ikkje lenger er i tida å snakke om mor og det kvinnelege er at omgrepet «omsorgsrasjonalitet» er kasta på dynga, i alle fall av deler av kjønnsforskinga, hevdar Fürst. Ho synst det er eit tap for forskinga.

– Omsorg er viktig for alle barn i verda. Omgrepet omsorgsrasjonalitet opnar for at det å gi omsorg er ein form for røynslebasert arbeid, ikkje noko biologisk gitt. Dimed er dette ein slags kompetanse også menn kan lære seg gjennom å ta del i det tidlege spedbarnsstellet.

– Dersom menn trer inn i dette kan det føre til at den kompetansen som kvinner historisk og krysskulturelt har forvalta får høgare status i samfunnet. Det gjer det mogleg å verdsette kvinner på eigne premissar og ikkje berre utifrå likskap med menn, seier Fürst.

Forskaren

Elisabeth L'orange Fürst er professor ved Sosialantropologisk institutt ved Universitetet i Oslo. Hennar seinaste store forskingsarbeid finst i boka Hva skal vi med frihet? Fortellinger fra Moldova før, under og etter Sovjetunionen frå 2009.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.