Anne Kalvig er professor i religionsvitskap ved Universitetet i Stavanger. Kalvig sitt spesialområde er alternativ spiritualitet, nye religiøse rørsler, religion og populærkultur.
– Kva forbinder du med kjønnsperspektiv i forsking?
– Eg tenker på eine sida på det sjølvsagte ved at kjønn er ein av mange variablar som menneskeorientert forsking må ta omsyn til. På andre sida tenker eg på kjønnsforsking som eit eige fagfelt, som eg i mange år har vore involvert i, men som eg også har stått på utsida av.
– Korleis kan kjønnsperspektiv vera nyttig i fagfeltet ditt?
– Religion og makt er nøye forbunde, og kjønnsmakt er eitt av uttrykka dette får. Faghistoria er mannsdominert, og dette har påverka forståinga vår av «ordentleg» religion. Sidan 1970-talet har alt fleire kvinnelege forskarar, og også mannlege, nyansert og justert religionsforståinga vår. Kjønn har fått ei meir sentral plassering i religionslandskapet. Religion og spiritualitet utgjer viktige trådar i kulturens store «kjønnsvevnad».
– Korleis har du jobba med kjønnsperspektiv i forskinga di?
– Eg har spesialisert meg i nyåndelegheit og nye, religiøse danningar. Grenseoverskridingar går som ein raud tråd i forskinga mi, og kjønn er heilt sentralt her. Eitt iaugefallande trekk er at nyåndelegheit ofte blir latterleggjort og mistenkeleggjort som feminint vas. Kjønn er både ein kritisk kategori i samtidsspiritualitet, og ein «positiv» faktor. Når eg forskar på spiritisme og sjamanisme, ser eg at kjønn blir ulikt vektlagt på desse felta, sjølv om personane som opptrer kan vera dei same. Spiritualitet som involverer sansing, kropp og det konkrete er dominert av kvinner, og tolkinga av slike kulturuttrykk får også ein kjønnsdimensjon. Religiøse og spirituelle fenomen som i utgangspunktet kan synast kjønnslause, viser seg også ofte å ha ulik tyding for kvinner og menn.
– Kva fag kunne i større grad hatt eit kjønnsperspektiv?
– Eg har ikkje følgt utviklinga i andre fag like nøye som religionsvitskap, og eg trur det blir gjort gode framstøytar mange plassar. Men eg kan jo nemna at eg for nesten 20 år sidan skreiv rapporten «Ein kjønnsperspektivert analyse av pensum til Examen Facultatum», på bestilling frå UiO. Der tok eg opp mange av dei tinga eg har sett filosofistudentar og -tilsette fortsatt etterlyser i dag.
Forskningsrådet og EU vil at forskere skal integrere kjønnsperspektiver i forskning der det er relevant. Det skal øke sjansen for forskningsfinansiering. Men hva er kjønnsperspektiver? Når er det relevant? Hvorfor er det viktig? Og hvordan skal man få det til?
Kilden kjønnsforskning.no spør forskere fra ulike fagfelt om hva de forbinder med kjønnsperspektiver, hvordan slike perspektiver kan være nyttig og hvordan de selv har jobbet med det.
Denne serien er en del av prosjektet Integrering av kjønnsperspektiver i forskning
Se også Forskningsrådets policy om Kjønnsbalanse og kjønnsperspektiver i forskning og innovasjon.