Kronikk

Kvar er dei mannlege lærarane?

Løn og lite erfaring med barn er blant årsakene til at fleire kvinner enn menn blir lærarar. Men det skortar på kunnskap og tiltak for å å få fleire menn inn i skulen, skriv Runa Brandal Myklebust.
Dei mannlege lærarstudentane vi intervjua var opptekne av at erfaringa med til dømes å jobbe i barnehage eller skulefritidsordning i eit friår, hadde eksponert dei for yrkesalternativ dei tidlegare ikkje hadde vurdert, skriv Myklebust. Foto: OsloMet

75 prosent av lærarane i grunnskulen er kvinner. Ein ny rapport viser at lønsvilkår og lite erfaring med barn er to av fleire årsaker til at færre menn enn kvinner blir lærarar. Men det er lite kunnskap om, og satsing på, rekruttering av menn til å bli lærarar og andre kvinnedominerte yrke, samanlikna med kunnskapen og tiltaka for å få kvinner i mannsdominerte yrke. 

Løn og status viktigare for menn

Kvifor treng vi fleire mannlege lærarar? Både i Norge og internasjonalt er det eit uttalt mål at både kvinner og menn skal vere representerte i lærarstanden. Argumentet om at læraren sitt kjønn har noko å seie for fagleg læring for elevane er tilbakevist i forskinga, seinast dokumentert i Stoltenbergutvalet sin grundige litteraturgjennomgang.

Det er viktig at elevane møter både menn og kvinner som lærarar både for den sosiale utviklinga til elevane og for læraren sin funksjon som rollemodell i barns liv.

At gutar presterer noko svakare i skulen enn jenter kan altså ikkje forklarast med at det er kvinner som underviser. Derimot viser forsking at mannlege lærarar kan verke positivt i ei breiare tyding enn utbytte for fagleg læring. Det er viktig at elevane møter både menn og kvinner som lærarar både for den sosiale utviklinga til elevane og for læraren sin funksjon som rollemodell i barns liv.

Senter for profesjonsstudier ved OsloMet har på vegne av Kunnskapsdepartementet laga ein rapport der vi går gjennom internasjonal forsking om kvifor få menn blir lærarar. Vi gjennomførte også eigne undersøkingar for å forstå kvifor det er slik i Norge.

Litteraturgjennomgangen synte at lønn og status for læraryrket kan vere medverkande årsaker til at menn ikkje blir lærarar. Fleire studiar viste også at menn er meir opptekne av lønn og læraren sin posisjon i samfunnet enn det kvinner er.

Det same såg vi her i Noreg då vi gjennomførte ei spørjeundersøking blant norske elevar i vidaregåande skule: Løn blei oppgitt som ei årsak til å velje vekk lærarutdanning, og det var fleire mannlege enn kvinnelege elevar som nemnde lønn som ein grunn til å ikkje ville bli lærar.

Les også: Både klasse og kjønn påvirker utradisjonelle utdanningsvalg

Erfaring med barn spelar inn

Tre andre tema som blei identifisert som viktige for å velje læraryrket er eiga positiv erfaring med skulen og med lærarar; erfaring med barn og sosial støtte frå familie og vennar. Ifølgje forskinga har menn i mindre grad enn kvinner slik erfaring og støtte, og dette vil indirekte kunne fungere som barrierar mot menns val av læraryrket.

Erfaring med å jobbe med barn, eller å bruke tid med barn, aukar sannsynet for å ville bli lærar, og slik erfaring har jenter i større grad enn gutar. Dei mannlege lærarstudentane vi intervjua var opptekne av at denne erfaringa, til dømes å jobbe i barnehage eller skulefritidsordning i eit friår, hadde eksponert dei for yrkesalternativ dei tidlegare ikkje hadde vurdert.

Ein annan faktor som kan medverke til at menn ikkje vel lærarstudiet, er oppfatningar om at læraryrket, og då spesielt dei lågaste klassetrinna, er eit yrke som passar best for kvinner. Fleire studiar viser at overvekta av kvinner i skulen kan verke avskrekkande på unge menn som skal velje utdanning.

Denne kjønnsubalansen vil kunne ha ein sjølvforsterkande effekt: Når elevar møter stadig færre mannlege lærarar blir det færre føredøme for barn på at lærar er eit yrke for menn, og dermed enda færre i neste generasjon som vel yrket.

Ser på omsorg som kvinneleg eigenskap

Fleire studiar viser også at det er ei oppfatning av at undervisning på dei lågaste klassetrinna handlar om omsorg, og at menn har dårlegare omsorgseigenskapar enn kvinner. Dette opprettheld oppfatninga av læraryrket som ein kvinneprofesjon.

Kva omsorgsomgrepet handlar om i lærarprofesjonen grip også an til diskusjonar om kva læraren sin kunnskapsbase er bygd opp av og korleis den skal definerast. Relasjonsarbeidet mellom lærar og elev, som utgjer ein sentral del av læraren si profesjonelle rolle, kan definerast som ein form for omsorgsrelasjon, eller den kan definerast med omgrep som kommunikasjon og relasjonell kompetanse.

Mannlege studentar opplevde ei forventing om å ha ei anna rolle enn kvinnene når dei kom ut i jobb

Eit anna interessant funn er studiane som rapporterer at mannlege studentar opplevde ei forventing om å ha ei anna rolle enn kvinnene når dei kom ut i jobb. Slike forventingar kunne handle om at dei skulle undervise på andre måtar enn kvinner gjer, eller at dei skulle vere sporty og aktivere elevane på ein annan måte enn kvinnene.

Forventingar knytt til det å skulle fylle rolla som «mannleg lærar» kan vere både positive og negative. Studiar viser at nokre kan bli motiverte av å vere rollemodellar for elevane, mens andre opplever kjønnsrolleforventningar dei er ukomfortable med eller synes er urettferdige.

Les ogsåLikestilling er ikkje målet med fleire menn i omsorgsyrka

Fryktar å bli mistenkt for seksuell overgrep

Mykje av forskinga på menn og læraryrket er gjort i land som USA, England og Storbritannia, der talet på mannlege lærarar er lågare enn i Noreg. Dette har konsekvensar både for kva problemstillingar som pregar forskinga og korleis folk i desse landa oppfattar læraryrket.

Det er også andre skilnadar, som utforminga av lærarutdanninga, skulesystemet og tidspunkt for skulestart, som kan prege overføringsverdien av forsking til norske forhold. Ikkje minst vil synet på kjønn og kva yrker som passar for kven vere forskjellig frå land til land.

Mange av dei internasjonale studiane rapporterer om at mannlege lærarstudentar og mannlege lærarar har opplevd kommentarar om, eller er bekymra for, å bli mistenkt for seksuelle overgrep mot barn. Dette kan også ha konsekvensar for rekruttering av menn til yrket.

Ein studie frå Storbritannia synte til dømes at mannlege lærarstudentar er engstelege for korleis dei skal løyse situasjonar der elevar søker fysisk kontakt, og dei er redde for å bli observert dersom dei gir elevar ein klem. Det trengs meir forsking for å vite om slike problemstillingar er gjeldande også her i landet.

Kjønn og utdanningsval lite tematisert 

Rapporten peikar også på at kjønn og yrkes- og utdanningsval er lite tematisert i norsk skule. Det er i liten grad til stades som tema i utdannings- og yrkesrådgivinga.

Ifølgje ein rapport frå NIFU får temaet lite merksemd i skulens planverk. I rammeplan for barnehagen er temaet kjønn og arbeidsliv fråverande. Det som finns om kjønn og yrkesval handlar om å auke rommet for at kvinner skal ta kjønnsutradisjonelle val: Ei kunnskapsoppsummering frå Institutt for samfunnsforsking frå 2019 viser at der læreplanen for skulen tematiserer kjønn og arbeid, er det ved å utfordre stereotype oppfatningar av kva kvinner kan jobbe med, og slik motverke kjønnskeiv rekruttering til «naturvitenskap og teknikk».

Eit satsing for å unngå stereotypiar om, og kjønnskeiv rekruttering til, kvinnedominerte fag og yrke er like naudsynt som i dei mannsdominerte. Det skeivfordelte fokuset i planverket representerer ein gjennomgåande ubalanse mellom kunnskap om og merksemd på rekruttering til kvinnedominerte og mannsdominerte yrke og fagområde.

Les også: Teknologi lokker ikke flere menn til sykepleien

Menn og maskuliniteter:

I denne kronikkserien har vi invitert forskere til å skrive om forskning på menn.

Målet er å bidra til å skape oppmerksomhet og spre kunnskap om et viktig, men lite beskrevet område; nemlig forskning på mannsroller og maskuliniteter.

Les øvrige innlegg her:

Hva med menn?

Skal vi forske på mannen eller maskuliniteten?

Hvorfor er stadig flere menn barnløse?

Mangfold og mannfolk i Sápmi

Hvem skal gi omsorg til menn som faller utenfor?

Hvilken status har arbeidermannen i dagens Norge

Gutters problemer i skolen handler ikke bare om kjønn

Kvar er dei mannlege lærarane?

Vold er en menneskelig, ikke en kjønnet erfaring

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.