Ein av ti ungdommar opplever seksuell trakassering i idretten

Jenter er særleg utsette for kommentarar, mens både gutar og jenter kan oppleve uønskt berøring.

Jente i ferd med å skåre mål på fotballbanen
Data frå NOVAs Ungvold-studie viser at om lag éin av ti ungdommar i idretten har opplevd seksuell trakassering eller overgrep i løpet av det siste året. Illustrasjonsfoto: iStockphoto

Idretten er viktig for mange ungdommar. Her kan dei oppleve meistring, glede og sosial tilhøyrsel. Men idretten har også nokon mørkare sider. Om lag éin av ti ungdommar som er aktive i idrett, oppgir at dei har vore utsette for seksuell trakassering eller overgrep i løpet av det siste året.

– For å førebygge slike hendingar må vi skjønne meir av kva det er som eigentleg skjer, seier Kari Stefansen. Ho er tilknytt Voldsprogrammet ved NOVA, der forskarar studerer vald og overgrep på ulike arenaer.

Ikkje berre eit problem med «farlege» trenarar

Når vi høyrer om seksuelle overgrep i idretten, går tankane ofte til grove saker der vaksne trenarar utnyttar unge utøvarar. Medieoppslag som «Trenar tiltalt for seksuelle overgrep mot unge jenter» gir inntrykk av at dette er hovudproblemet.

Slike overgrep skjer og er alvorlege. Men forskinga frå NOVA ved OsloMet og Noregs idrettshøgskole teiknar eit meir komplekst bilde.

– Mange av krenkingane handlar ikkje om trenarar som misbruker tillita si, ofte er det jamaldrande som står bak, seier Stefansen.

Saman med Gerd Marie Solstad frå NOVA og Åse Strandbu ved Noregs idrettshøgskule har ho nyleg publisert ein kronikk om dette temaet.

Portrettfoto av Kari Stefansen, forsker 2 ved Oslomet
– Førebygging må handle om meir enn berre å unngå overgrep frå vaksne. Det må også handle om å stoppe uønskt åtferd mellom jamaldrande og frå tilskodarar, sier forsker Kari Stefansen ved OsloMet. Foto: Studio Vest/OsloMet

– Krenkingane kan innebere nedsettande kommentarar om kropp og seksualitet, eller handfaring på ubehagelege måtar under trening, i kampsituasjonar og i garderoben.

Uønskte kommentarar og fysiske krenkingar

Data frå NOVAs Ungvold-studie viser at om lag éin av ti ungdommar i idretten har opplevd seksuell trakassering eller overgrep i løpet av det siste året.

Dei vanlegaste formene er uønskte kommentarar om kropp og seksualitet (9 prosent) og uønskt fysisk berøring (3 prosent). Jenter er særleg utsette for kommentarar, mens både gutar og jenter kan oppleve uønskt berøring.

– Krenkingane kan innebere nedsettande kommentarar om kropp og seksualitet, eller handfaring på ubehagelege måtar under trening, i kampsituasjonar og i garderoben, seier Stefansen.

Eksempel kan vere tilrop som «hore» eller «homo», eller fysisk kontakt som å bli tatt i skrittet under ein fotballkamp.

Episodane skjer ofte i situasjonar kor mange er til stades, som under kampar eller trening.

Meir om forskinga:

Solstad, G.M. & Stefansen, K. (2025). Sexual violations in youth sport: Gendered mechanisms of alienation? I B. Rulofs og M. Hartill (red.): Child abuse in sport: Sociological perspectives. Emerald (emerald.com)

Strandbu, Å., Solstad, G.M., Stefansen, K., & Frøyland, L.R. (2023). Seksuell trakassering og andre krenkelser i ungdomsidretten: Forekomst og mønstre i utsatthet. Nordisk tidsskrift for ungdomsforskning (idunn.no)

Voldsprogrammet ved NOVA, OsloMet, handlar om å forstå vald i nære relasjonar som fenomen og konsekvensane valden har for dei som blir utsett. Det handlar også om tiltaka samfunnet set i verk for å hjelpe utsette og for å få bukt med vald. Forskingsprogrammet blei starta i 2014 og har vore finansiert med statlege midlar.

Ein kultur for tøffheit og tausheit

Ei utfordring er at slike krenkingar kan bli «normaliserte» i idretten. Spelarar og trenarar kan tolke dei som ein del av den tøffe konkurransekulturen. Ungdom kan oppleve at dei må «tole litt røft spel», og det manglar ofte reaksjonar frå vaksne når grensene blir kryssa.

– Om ingen grip inn, kan ungdom tru at dette er akseptabelt. Det skaper ein tillatande kultur der krenkingar blir bagatelliserte, seier Stefansen.

– Sjølv «milde» krenkingar kan bidra til at jenter kjenner seg utrygge og trekker seg frå idretten.

Tilskodarar og treningssituasjonar

Krenkingar frå tilskodarar er også eit problem. Jenter beskriv at dei får uønskt merksemd frå tribunen, som kommentarar om utsjånad eller seksualiserte «kompliment». På treningssenter blir det  rapportert om liknande opplevingar, spesielt frå vaksne menn.

Det krenkande i begge situasjonar handlar om å få uønskt seksuell merksemd i ein ikkje-seksuell situasjon, og på den måten bli forstyrra i det som ein eigentleg held på med – ein kamp eller eit treningsopplegg.

Dette kan ha alvorlege konsekvensar: – Sjølv «milde» krenkingar kan bidra til at jenter kjenner seg utrygge og trekker seg frå idretten, forklarer forskaren.

Sjølv om overgrep frå trenarar er mindre vanlege enn krenkingar frå jamaldrande, skjer det også grenseoverskridande handlingar frå vaksne. Dette kan vere kommentarar om vekt eller kropp, eller fysiske handlingar som å «klapse» ein spelar på rumpa for å motivere.

Ungdom kan oppleve slike handlingar som invaderande, sjølv om trenaren ikkje meinte det sånn. Stefansen understrekar at trenarar må bli meir klar over kva signal dei sender.

Førebygging: Kva kan vi gjere?

For å skape tryggare miljø i idretten, er det behov for ei breiare tilnærming til førebygging. Tiltak som politiattestar og varslingskanalar er viktige, men ikkje nok. Ein må også fokusere på kulturen blant utøvarane sjølv, og trenarar må lære å handtere også dei små krenkingane.

– Førebygging må handle om meir enn berre å unngå overgrep frå vaksne. Det må også handle om å stoppe uønskt åtferd mellom jamaldrande og frå tilskodarar. Trenarar og andre vaksne i idretten har eit stort ansvar for å skape eit inkluderande og trygt miljø, seier Stefansen.

Forskarane bak studien håpar funna kan bidra til auka bevisstheit om seksuelle krenkingar i ungdomsidretten. Idretten skal vere ein arena for glede, meistring og fellesskap – ikkje frykt og utryggleik.

– For idrettsungdom er det avgjerande at vaksne tar ansvar og grip inn når grensene blir overskridne. Slik kan vi sikre at alle får høve til å delta på ein trygg måte, avsluttar Stefansen.

Artikkelen ble først publisert på oslomet.no.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.