Bokmelding
I Noreg har kjønnsbalanse og likestilling blant studentar og forskarar lenge vært eit viktig tema i akademia. Ved norske universitet går utviklinga sakte framover med stadig fleire kvinner som tar mastergrad, doktorgrad og vel ein forskarkarriere. Samtidig er det framleis ein overvekt av menn i forskingas toppstillingar. Kvifor er det slik?
Forskingsrådet sitt BALANSE-program har i ti år finansiert forsking på og prosjekt rundt kjønnsbalanse i akademia. Boka Kjønn og akademia: På vei mot BALANSE?, redigert av Ingeborg W. Owesen og Helene Aarseth, kom i stand som ein ambisjon om å samle kunnskapen, erfaringane og kompetansen som kom ut av dette mangeårige prosjektet. Redaktørane har bedt forskarar som har vært knytte til BALANSE-prosjektet, om forskingstekstar som belyser kjønnslikestilling i akademia frå ulike perspektiv. Resultatet er ein antologi beståande av 12 bidragstekstar. Hovudspørsmålet boka søkar å svare på, er: Korleis kan vi forstå ulikestilling mellom kjønna i akademia, og kva er det med norsk akademia som gjer at kvinner fell frå på vegen mot professornivået? [...]
Les heile bokmeldinga på Idunn.no: https://doi.org/10.18261/tfk.47.4.6
Dette er en Open Access artikkel distribuert under vilkårene Creative Commons CC-BY-NC 4.0
DOI: https://doi.org/10.18261/tfk.47.4.6
Les artikkel om denne boka i nyhetsmagasinet til Kilden:
Kjønnsbalanse er ikke nok for å skape faglig mangfold i akademia