I artikkelen «Kjønn, kunst og estetisk vurdering» i den ferske utgåva av Tidsskrift for kjønnsforskning, undersøkjer Rønning slike spørsmål gjennom å ta for seg kjønnsimplikasjonane i nokre av kjerneomgrepa i estetikkfaget. Rønning argumenterer mellom anna for at omgrep som «det skjønne og det sublime» umedvite favoriserer det typisk mannlege, noko som gjer at kunst som assosierast med det kvinnelege risikerer estetisk devaluering.
Om ein ynskjer å forstå dei mange «kjønnsstridane» i dagens kunst- og kulturdebatt, er eit tips frå Rønning å kjenne sin 1700-talsfilsofi.
Men først tilbake til notida: Susanne Sundfør sa frå seg nominasjonen til beste kvinnelege artist til Spelemannsprisen i 2010. Årsaka var at Sundfør først og fremst såg på seg sjølv som artist, ikkje kvinne. Kva var problemet?
– Om god kunst blir rekna for å vere universell, og det kvinnelege blir assosiert med det partikulære, står ein «kvinneleg artist» i fare for å bli kunstnarisk degradert. Slik kan det å bli nominert til ein pris som beste kvinnelege artist bli oppfatta meir som ein provokasjon enn som heider, hevdar Rønning.
Maskulinismen i estetisk tenking
Stemmer det eigentleg at det universelle er problemfritt kjønnslaust og at det ikkje spelar nokon rolle kva kjønn korkje kunstnaren eller publikum har i vurderinga av kunst? Rønning siterer den danske kunsthistorikaren Rune Gade, som peiker på «maskulinismen» i den estetiske tenkinga.
«[…] Problemet med maskulinisme er ikke, at den ønsker at fremme mandlige værdier, men at den i modsætning til feminismen, der åbent kæmper for kvindelige værdiers fremme, ikke gør dette til sin eksplicitte dagsorden. Tværtimod insisterer den på at handle på menneskehedens vegne, snarere enn på den maskuline køns og dermed naturaliserer sit kønsideologiske indhold»
Rønning hevdar at mange av dei kjønna grunnpremissa i den estetiske filosofien på 1700-talet har blitt med på lasset i dagens estetiske teoriar, utan at ein har vore medviten nok om det. Difor klarer ikkje alltid teorien å fange opp kompleksiteten i kjønnsforhandlingane og verdsettingsmekanismane i dagens litteratur, musikk, film og scene- og biletkunst.
– Iblant lyt ein ettersjå teoriane sine for blindflekker, seier Rønning.
Det skjønne og det sublime
Blindflekkene i estetikken sporar Rønning tilbake til framveksten av estetikkfaget på 1700-talet, mellom anna i omgrepsparet det skjønne og sublime – altså «det opphøgde» på latin.
Filosofen Emmanuel Kant, og fleire av hans samtidige kollegaer, nytta dette omgrepsparet både til å tale om kunst og til å skildre forskjellane mellom menn og kvinner. Dei knytte det skjønne til det lette og lekande, det som vekker glede og lyst. Det sublime assosierte dei med alt stort og mektig som vekkjer beundring, men som òg krev disiplin og hardt arbeid. Ifølgje Kant har kvinner ein skjønn og følande forstand, medan menn har ein djup og resonnerande forstand. Difor burde kvinner overlate den abstrakte tenkinga og den vanskelege kunnskapen til menn og sjølv fokusere på å vere sjarmerande og skjønne.
– Fleire feministiske filosofar har peika på korleis kjønnsdikotomien, førestillinga om at kvinner og menn er kvarandre sine komplementære motsatsar, gjennomsyra opplysningstenkjarane. På den andre sida blir 1700-talstenkinga ofte rekna som eit verdinøytralt startpunkt for å tenkje abstrakt, universelt og teoretisk om kunst, fortel Rønning.
– Kunsten skulle peike utover det kvardagslege her og no og vere allmenngyldig, desinteressert og universell. Den estetiske dømmekrafta skulle heller ikkje la seg distrahere av praktiske nytteomsyn. Avvisinga av det kroppslege og det subjektive til fordel for abstraksjon og universalitet gjorde at kjønnsforskjellar ikkje lenger blei rekna som relevante, slik at det blei vanskeleg å knyte verdsetting opp mot kjønn.
Det skjønne er kitsch
Rønning hevdar at sjølv om det skjønne og det sublime er gjensidig avhengige motsetnadar, blei den eigentlege interessa vendt mot den maskuline polen: det sublime. Det sublime har då òg overlevd som ein estetisk-filosofisk kategori, medan det skjønne i dag gir assosiasjonar til massekultur, kitsch og reklame.
– Gjennom vektlegginga av det sublime blei kunsten forstått som eit overskridande, heroisk og maskulint prosjekt heva over samfunnet og kvardagen. Berre gjennom maskulint oppbrot og overskriding kunne kunsten bli høgverdig, seier Rønning.
Samstundes peiker ho på det paradoksale i denne kunstforståinga.
– På den eine sida er kunsten og kunstopplevinga noko veldig konkret, sanseleg og unikt, noko ein kan kjenne seg att i eller utfordrast av. Likevel må god kunst overskride det partikulære sidan han blir verdsett høgast når han kan tolkast som eit utrykk for noko universelt.
På bakgrunn av ei kunstforståing som knyter kvinner til det partikulære og menn til det universelle, er ikkje Rønning overraska over at Knausgård sitt seksbindsverk Min kamp har vekt så allmenn begeistring, sjølv om bøkene med sitt fokus på det kvardagslege reint tematisk er i slekt med den såkalla kvinnelitteraturen.
– Det må vere forståinga av kunsten som eit maskulint transcendentalt føretak som har bidrege til at prosjektet til Knausgård umiddelbart blei kanonisert. Sjølv om han skriv godt er dei fleste likevel einige om at kvaliteten på bøkene varierer. Eg trur ikkje det ein gong hadde vore mogleg for ei kvinne å få gjennomslag hos eit forlag for å skrive seks romanar om seg sjølv, meiner Rønning.
Når kjønnet bestemmer
Iblant kan spørsmål om kjønn trumfe spørsmål om kvalitet og estetisk dømmekraft. Rønning trekk fram debatten omkring spelefilmen Pax frå 2011, ein film som blei møtt med unison slakt frå kritikarane. Nicolai Frobenius, ein av dei som innvilga støtte til filmen, hevda i etterkant at regissør Annette Sjursen aldri ville fått støtta dersom ho var mann.
– Slik blei sjølve spørsmålet om kvalitet og estetisk dømmekraft sett til sides av di regissøren var ei kvinne. Menn lagar òg dårlege filmar, men desse blir likevel diskutert i lys av kvalitet, seier Rønning.
Noko liknande skjedde då Museet for samtidskunst viste utstillinga «Kvinner som beveger verden» for eit par år tilbake, basert på erkjenninga at museet har vore dårleg både til å kjøpe inn og vise fram kunst laga av kvinner. Trass gode intensjonar om å vise breidda og mangfaldet blant kvinnelege kunstnarar, blei utstillinga kritisert for å vere eit gufs frå fortida. Kritikken gjekk ut på at å gjere kjønn til ein fellesnemnar for kunst bidrog til ei førestilling om at det finst noko evig kvinneleg.
– Effekten av å stille ut verka til kvinnelege kunstnarar i ei felles utstilling, blei altså at verka kvar for seg sto fram som både mindre unike og mindre universelle.
Store spørsmål
Når ein tenkjer kjønn som forskjell, blir førestillinga om det universelle i kunsten problematisk, hevdar Rønning. I kunsten må dei store spørsmåla stillast.
– Er det mogleg å tenkje det universelle som overordna forskjellen, og i så fall: kan både kvinne og mann representere det universelle? Eller må vi gi opp ideen om det universelt menneskelege og tenkje ikkje berre kvinner, men òg menn som forskjell og partikularitet?
– Det er vanskeleg å svare klart på så store spørsmål, svara blir alltid for enkle. Men eg er skeptisk til førestillingar om universalitet av di det alltid inneber ein abstraksjon som gjer vald på mellom anna mangfald, motsetnadar og forskjellar. Når det kjem til å forstå og verdsette kunst, blir dette enno meir prekært av di kunsten sjølv byr på mangfald og detaljar og gjerne går ut over både tradisjonelle førstillingar om kjønn og mykje anna. Dette er opplagt i den moderne kunsten, men slik har det òg vore tidlegare, seier Rønning.
- Anne Birgitte Rønning er førsteamanuensis ved Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk ved Universitetet i Oslo.
- Ho er prosjektleiar og deltakar på det tverrfaglege prosjektet «Forhandlinger og strid. Kjønn og verdsetting i kunst, estetikk og kulturell offentlighet».