Likestillingstrategen Hege Skjeie

Ein av våre viktigaste pionerar innan likestilling er død. Kva lærte Hege Skjeie oss?
Noregs første kvinnelege professor i statsvitskap, Hege Skjeie, gjekk bort i oktober. Her fortel forskarar, kolleger og aktørar kva Skjeie har betydd for norsk likestillingspolitikk. Foto: Ragnhild Fjellro

To dagar før nasjonaldagen fødast ho som skulle bli Noregs første kvinnelege professor i statsvitskap. Året er 1955. Som 45-åring får Hege Skjeie opprykk til professorstilling ved Universitetet i Oslo, og blir såleis historisk.

I oktober døyr ho, berre 63 år gamal. Kva betydning har Hege Skjeies liv og forsking fått for norsk likestillingspolitikk, og korleis vil vi hugse henne?

Hege forska på spørsmål som var direkte relevante for politikk og politikkutvikling.

Statsvitskapen undersøker politiske strukturar, samanhengar, system og ideologiar. Inni dette ligg analyser av makt. Makt var noko Skjeie var spesielt opptatt av, og ho bidrog til bøker om elitar og kjønn, mellom anna Norske makteliter (2010) og Menn imellom (2003).

Skjeies forsking viste at så og seie alle sektorar i Noreg var mannsdominerte på toppnivå. I Forsvaret var mannsdominansen på 100 prosent. I næringslivet på 96 prosent, i politi- og justisvesenet på 93 prosent. Skjeie dokumenterte at elitene var kjønna, og at kvinnene stod langt unna makta i Noreg. 

Rettleiaren

I rapporten Mannsdominans og likestillingsentusiasme frå 2002 fann Skjeie og resten av forskarane ut at makteliten ønska likestilling, men at dei hadde få framlegg til tiltak når det kom til deira eigne sektorar. 

Forskar Beret Bråten jobba på partikontoret til Arbeiderpartiet på 90-talet og tok forskinga til Hege Skjeie om kvotering inn i partiprogrammet. Foto: Ragnhild Fjellro

– Hege forska på spørsmål som var direkte relevante for politikk og politikkutvikling, som bruk av kvotering, kjønnsfordelinga i norske maktelitar, korleis likestillingsarbeid er institusjonalisert, fortel Beret Bråten.

– Ho nøgde seg sjeldan med å berre forske. Forskinga skulle nyttast også utanfor akademia.

Bråten jobbar på partikontoret til Arbeiderpartiet på 90-talet då ho las forskinga til Hege Skjeie om kvotering, og tok det inn i partiprogrammet. Ho bestilte også avhandlinga til Skjeie, «Den politiske betydningen av kjønn», og brukte denne i sitt arbeid.

Dette var før Bråten sjølv fekk interesse for forsking. Skjeie skulle seinare bli rettleiaren då Bråten skreiv doktorgrad.

– Ho var den beste rettleiaren eg kunne ha hatt. Direkte, krevjande, kreativ, analytisk og givande å diskutere med. Ho sløste ikkje med ros. Når ho sa at noko var bra, var eg heilt trygg på at det var det.

Professoren

På 1980-talet var Hege Skjeie særleg opptatt av kvinner og politikk. Som forskar undersøkte ho lokalpolitikken i Noreg, og kjønnsfordelinga innad i partileiinga. Mens nasjonalpolitikken i Noreg hadde ein kjønnsbalanse på 40/60 kvinner og menn, kunne norske kommunestyrer framleis ha den same kjønnsbalanse som dei hadde hatt på 1960-talet.

Professoren var ikkje berre opptatt av kjønn. Ho peika på at klasse, religion og etnisk bakgrunn også var grunnlag for diskriminering og forskjellsbehandling. Derfor var interseksjonalitet – det at diskriminering kan samvirke på ulike grunnlag – eit omgrep Skjeie nytta i si forsking.

Ho fann at elitane verken spegla befolkninga når det gjaldt kjønn eller når det gjaldt klasse, ettersom arbeidarklassen var sterkt underrepresentert i eliten. Dette kom fram då Makt- og demokratiutreiinga kartla den norske makteliten frå 1998 til 2003, der Skjeie sat i forskargruppa.

- Hege var nøye både på etikken og på faktasjekking, fortel CORE-leder Mari Teigen. Foto: Ragnhild Fjellro

I 2010 blei professoren utnemd av regjeringa til leiar for Likestillingsutvalet, som foreslo etableringa av likestillingsdirektoratet.

For Hege Skjeie betydde likestilling like rettar til kvinner og til marginaliserte grupper. Desse rettane enda alltid opp med å vike for andre omsyn, meinte Skjeie, som for eksempel i saker om religion.

«Diskusjoner om likestilling veid opp mot andre hensyn og rettigheter blir i mange sammenhenger en diskusjon menn imellom» skreiv Skjeie og sosiolog Mari Teigen om dette i Menn imellom

Forskingsktivisten

Teigen begynte å jobbe med Skjeie allereie på slutten av 1980-talet, då Skjeie arbeidde med doktorgraden sin. Avhandlinga, som kom i 1992, var det første dømet på ein studie i statsvitskap som ikkje berre tel kjønnsfordelinga. Den ser òg på kva kjønnsbalansen betyr for politikken.

Skjeie skulle intervjue alle stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemmar til prosjektet, og trengde Teigen som assistent. 

– Hege Skjeie var eit døme på ein forskar som kombinerte høge krav med det å ville noko med forskinga. På den måten var ho ein forskingsaktivist. Hege var nøye både på etikken og på faktasjekking. Ho var kritisk til samfunnet, men også kritisk til sine eigne analysar. Det var gjennom rolla som forskar at ho ville påverke samfunnet, seier Teigen. 

Hege Skjeie var eit døme på ein forskar som kombinerte høge krav med det å ville noko med forskinga.

I tillegg til å skrive boka Menn imellom saman, var også Teigen med i Likestillingsutvalet. I dag er ho leiar av CORE – Senter for likestillingsforskning. 

Kjem du og senteret til å vidareføre likestillingsforskinga hennar?

– Ja, det er klart. Vi er opptekne av dei institusjonelle og kulturelle aspekta ved likestillingsutviklinga. Eg skulle ønske at fleire statsvitarar jobba med kjønnsforsking, dei ser strukturar og samanhengar. Hege var statsvitar langt inn i ryggmargen. 

Maktutreiaren

Cathrine Holst, som også var med i Likestillingsutvalet, har kalt doktoravhandlinga til Skjeie for banebrytande. 

– Eg greier ikkje forestille meg norsk likestillingspolitikk utan henne, skreiv Holst i Morgenbladet nyleg, i høve Skjeies død.

Professor ved INN, Ingrid Guldvik var ein av dei som plukka opp forskinga til Skjeie på kvinner og politikk. Foto: Beret Bråten

Ingrid Guldvik var ein av dei som plukka opp forskinga til Skjeie på kvinner og politikk. Ho tok doktorgrad i statsvitskap på emnet, og er i dag professor ved Høgskolen i Innlandet.

Guldvik minnast ein modig maktutreiar, ein kreativ kjønnsforskar og ein dyktig debattant. 

– For meg var Hege Skjeie ei inspirasjonskjelde og eit forbilde. Både doktoravhandlinga og hennar bidrag i Makt- og demokratiutreiinga var rike kjelder for meg som forska på kjønn og politisk representasjon i lokalpolitikken, seier ho.

– Det som gjorde sterkast inntrykk på meg, var då Skjeie tok ut dissens i maktutreiinga. Der viste ho at rettsleggjering ikkje er ein trussel mot folkestyret, men at det har positiv effekt for kvinner og minoritetar, seier Guldvik.

Som medlem av Makt- og demokratiutreiinga (1998–2003) tok Skjeie ut dissens på konklusjonen med eiga særuttaling. Ho var usamd med konklusjonen til fleirtalet, som meinte at rettsdemokratiet ikkje kan erstatte folkestyret.

Folkestyret er i mange samanhengar eit sminkeord for mannsdominerte avgjerdsstrukturar, meinte Skjeie.

Debattanten

Som aksjonsorientert likestillingsforskar i skjæringsfeltet mellom politikk og juss, var Skjeie opptatt av samanhengen mellom demokrati og rettar. Særleg var ho opptatt av kvinners rett til likestilling. Anne Hellum, professor i internasjonal kvinne- og likestillingsrett ved Universitetet i Oslo, fortel:

– I si uttaling framheva Skjeie at internasjonale kvinne- og menneskerettar var eit vilkår, og ikkje ei hindring for demokratiet. Dissensen viste korleis eit tverrfagleg kvinne- og kjønnsperspektiv kunne føre til ny forskingsmessig innsikt. I praksis bidro dissensen til å opne fastlåste posisjonar, særleg tesen om at menneskerettar var ei hindring for demokratiet.

Nei, sa Hege Skjeie, Noreg er ikkje eit likestillingsparadis, sjølv om alt er relativt.

Hellum omtalar Skjeie som ein aktiv deltakar i debatten, både åleine og saman med andre forskarar innan kjønn, demokrati og rettar. Skjeie lente seg tungt på kvinnerettsleg forsking og jobba for å inkorporere kvinnekonvensjonen i menneskerettslova. Første gong dette blei offentleg framsett, var på slutten av 1980-talet. Først i 2009 skjedde det.

– Den intense offentlege debatten sette fart på Arbeidarpartiet sitt løfte om å inkorporere kvinnekonvensjonen. Dåverande justisminister, Knut Storberget, uttala i Stortinget at dette var den siste konvensjonen som ville bli inkorporert i menneskerettslova. Skjeie sin kommentar var at kvinnerettsforkjemparane vann slaget, men tapa kampen. Ho fekk dessverre rett.

Pioneren

Likestillingsutvalet, eller Skjeie-utvalet, publiserte to offentlege utreiingar (NOU-ar). Stortingsrepresentant Inga Marte Thorkildsen (SV) var den som hadde ansvar for stortingsmeldinga som skulle følge opp utvalet sine konklusjonar. Thorkildsen roser i dag Skjeie for å ha bidratt til politikkutvikling, nytenking og sjølvransaking. 

Jusprofessor ved UiO, Anne Hellum, fortel at Hege Skjeie i sin dissens blant annet lente seg på kvinnerettsleg forsking. Foto: Ola Sæther

– Nei, sa Hege Skjeie, Noreg er ikkje eit likestillingsparadis, sjølv om alt er relativt. Ho sa at vi lever i ei myr av velvilje. Alle er tilsynelatande samde i at likestilling er viktig, men likestillinga får ofte vikeplikt. Skjeie inspirerte mange med sin uredde stil, sjølv om utsegna hennar kunne provosere. 

Politikaren skildrar Skjeie som ein pioner og som ein premissleverandør for kunnskapsbasert, interseksjonell likestillingspolitikk.

– Utreiinga frå Skjeie-utvalet fekk stor betydning for likestillingsmeldinga som eg la fram, sjølv om eg skulle ha sett at framlegga hadde blitt betre varetatt. Dessverre blei meldinga lagt i skuffen etter regjeringsskiftet i 2013. Det viktigaste utvalet foreslo, nemleg ein ny struktur for likestilling, blei til dels latterleggjort.

Forbildet

Skjeie var frustrert over manglande politisk vilje frå den raudgrøne regjeringa til å gjennomføre likestillingsutvalet sine tilrådingar. Hadde ho rett i dette?

Inga Marte Thorkildsen (SV) roser Skjeie for å ha bidratt til politikkutvikling, nytenking og sjølvransaking. Foto: CF-Wesenberg/kolonihaven

– Hege hadde alltid mange gode poeng. Å bygge opp ein ny struktur med meir statleg byråkrati er inga enkel sak, uansett regjering, seier Thorkildsen.

– Eg er glad for at vi i alle fall tok nokre steg i riktig retning, sjølv om det viktigaste blei skrinlagt ved regjeringsskiftet. Kampen held fram, med Skjeie som inspirator og forbilde. Eg saknar henne allereie. 

Arbeidet til Hege Skjeie viste at det var naudsynt å institusjonalisere likestillinga. Verken raudgrøn eller blåblå regjering tok nok tak i framlegga i NOU-ane, og Skjeie meinte at likestillingspolitikken hadde svikta. 

– På 1980-talet, då vi møttest, skjedde det mykje på likestillingsfronten som hadde gitt forhåpningar. Vi hadde vår første kvinnelege statsministar, og fleire kvinner på Stortinget enn før, seier Mari Teigen. 

– Sidan har mykje blitt betre, sjølv om vi har langt igjen. Etter 2012 ser vi at politikken likevel har gått i den retninga NOU-ane foreslo. Så det har blitt sådd nokre tankar der, trass alt,

Beret Bråten deler frustrasjonen Skjeie hadde over kor treigt det gjekk med å implementere dei konkrete framlegga frå utreiingane.

– Eg forstår framleis ikkje kvifor den raudgrøne regjeringa ikkje såg på dette som eit godt høve til fornya debatt og politikkutvikling på feltet. Håpet er at dette rettar seg opp med tida. Etter #metoo-kampanjen blei til dømes framlegga om handheving av lovverket som verna mot seksuell trakassering henta opp frå skuffen.

Fagnerden

I 2016 var Hege Skjeie medlem av Norges kvinnelobbys ekpertutval for kvinne- og likestillingspolitikk. Ho var fast spaltist i Dagens Næringsliv, i tillegg til å vere gjesteforelesar ved Harvard University og adjungert professor ved Aalborg universitet. Her kjem professor Birte Siim inn. 

Det er vanskeleg å skilje forskaren Skjeie frå personen Skjeie. Hege var kritisk, omsorgsfull og brennande engasjert.

– Vi møttast i New York på 80-talet, og samarbeida sidan. Både meg og ho jobba med likestilling i dei nordiske velferdsstatar og var inspirerte av Helga Hernes sitt arbeid med den kvinnevennlege stat. Hege hadde tett tilknytning til mange kjønnsforskarar ved Aalborg universitet, og samarbeida til dømes med kjønnsforskingsgruppa FREIA. 

Professor Birte Sim ved Aalborg Universitet fekk kontakt med Hege Skjeie på 80-talet, ved at dei begge jobba med likestilling i nordiske velferdsstatar. Foto: Privat

Korleis vil du skildre Hege som person?

– Hege var ein uerstatteleg ven, som visste å nyte livet, arbeidet, vennskap og familie. Ho var morosam å vere rundt, og kunne samstundes ha ein djupt seriøs fagleg samtale om nordisk likestillingspolitikk, statsfeminisme og interseksjonalitet, fortel Siim.

– Eg hugsar ei historie som illustrerer dette: På byrjinga av 2000-talet drog vi til eit sommarhus ved den jyske vestkyst. Ho tok med seg gin & tonic, og insisterte på at eg skulle kjøpe nye gin & tonic-glas. Seinare ringde ho til Helga Hernes frå sommarhuset for å vere sikker på at vi fortolka omgrepet statsfeminisme korrekt. 

Mari Teigen skildrar Skjeie som ein fagnerd:

– Det er vanskeleg å skilje forskaren Skjeie frå personen Skjeie. Hege var kritisk, omsorgsfull og brennande engasjert. Ho var ein person som alltid var i høgt gir. 

Prisvinnaren

I fjor mottok professor Skjeie prisen Gender and Politics Award ved ein konferanse i Lausanne, Sveits. Skjeie sleit med helsa og deltok gjennom Skype. Ho fekk seinare overrekt prisen direkte i Oslo. Under hyllesta uttala professor Birte Siim: 

– Hege var gøyal og uvøren å samarbeide med, og samtidig ein grundig og kritisk forskar med eit uvanleg skarpt intellekt. Ho var min beste og skarpaste kritikar.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.