Når ein først byrjar legge merke til det, ser ein det overalt: Smarttelefonen som menn enkelt kan styre med éi hand, medan kvinner treng begge hender. Menn som greier seg med skjorte på kontoret, medan kvinner sit og hutrar i lag på lag med ull, fordi temperaturen er tilpassa menns gjennomsnittlege forbrenning. Verktøy og verneutstyr som er laga for å passe til menn, medan kvinner ikkje får skikkeleg grep og ikkje får utstyret til å sitte som det skal.
Eller det norske damelandslanget i fotball, som stadig får utdelt sko og sokkar som ikkje passar, ifølgje Morgenbladets kvinnefotballføljetong.
Nokre slike historier er først og fremst morosame, men andre gonger kan det stå om livet – som når legemiddel berre er testa på menn, eller når kollisjonstestar for bilar berre blir gjort med ein gjennomsnittleg mann i tankane.
Menn kolliderer, kvinner døyr
– Vi ønskjer at bilar skal vere like sikre for alle, uansett kven du er og korleis kroppen din er, fortel PR- og kommunikasjonssjef Erik Trosby i Volvo Car Norway.
Ved å samle data frå verkelege ulukker, har forskarar i Volvo identifisert kva skader som typisk oppstår i ulike ulukker, og korleis ulukker rammar folk ulikt avhengig av anatomiske skilnader.
Menn har større sannsyn enn kvinner for å vere innblanda i trafikkulukker, men kvinner har større sannsyn for å bli skadde eller miste livet når dei først er ute for ulukker. Ei medverkande årsak er truleg at kollisjonstestar oftast blir utførte med standardiserte testdokker basert på den gjennomsnittlege mannens mål, vekt og muskelmasse, og i ein sitteposisjon som tilsvarar den gjennomsnittlege mannens.
Kvinner, derimot, sit som regel «ute av posisjon» når dei køyrer. Dei har i gjennomsnitt kortare bein og må sitje meir framoverlent for å rekke pedalane. Det gjer frontkollisjonar farlegare for kvinner. I tillegg er bilseta typisk laga for menn.
Sjølv om bilprodusentar dei seinare åra oftare har teke i bruk «kvinnelege» testdokker, så er desse ofte berre nedskalerte versjonar av den mannlege, utan omsyn til at kvinner er bygd annleis og har annleis muskel- og skjelettsamansetting – og dokka blir typisk testa i passasjersetet, ikkje i førarsetet. Gravide kvinner finst knapt i bilprodusentane sine strategiar.
Gravide kvinner finst knapt i bilprodusentane sine strategiar.
I dette biletet skil altså Volvo seg ut: Konsernet har lenge marknadsført seg som eit merke som satsar på tryggleik, og no har Volvo lansert E.V.A.-prosjektet: 40 år med forsking på biltryggleik for begge kjønn og alle kroppsformer blir gjort offentleg tilgjengeleg i eit digitalt bibliotek slik at kven som helst kan gjere seg nytte av materialet.
Forskar på ulukker
I 1970 etablerte Volvo eit forskingsteam som sidan har samla og analysert data frå verkelege trafikkulukker, skriv Trosby i ein epost. Det inneber å reise ut til ulukkesstader for å analysere ulukkesforløpet. Denne forskinga har vore grunnlag for mange av tryggingssystema Volvo har i bilane sine i dag. I verkelege trafikkulukker er kvinner og barn godt representerte, i motsetnad til kollisjonstestar i laboratorium.
– Basert på Volvos eigne forskingsdata, og fleire andre studiar, viser E.V.A.-prosjektet at kvinner er meir utsette enn menn for visse typar skader i ein bilkollisjon. Forskjellar i til dømes anatomi og nakkestyrke mellom gjennomsnittlege menn og kvinner medfører at kvinnene har større risiko for å få nakkeslengskader, seier Trosby.
Marknadsvurderingar er den mest openberre forklaringa når kjønnsperspektiv kjem inn i design og innovasjon.
Slik informasjon har Volvo så brukt til å lage virtuelle kollisjonsdokker for å kunne utvikle tryggleiksteknologi som passar like godt for kvinner og menn. Den første av desse innovasjonane var ei seteutforming som gav betre vern mot nakkesleng, og som kom på marknaden i 1998.
Unikt i Sverige
– Utan at eg har statistikk på dette, så trur eg nok at Volvos initiativ er eit unnatak i denne typen bransje, seier Gry Alsos, professor ved Handelshøgskulen ved Nord universitet.
– Dei bransjane som elles brukar kjønn som kategori i design, er typisk produsentar av konsumprodukt som klede og kosmetikk. Og då er det ikkje feminisme som er grunnen, men rein marknadstankegang.
Marknadsvurderingar er den mest openberre forklaringa når kjønnsperspektiv kjem inn i design og innovasjon, og Alsos ser ikkje vekk frå at dette aspektet også er viktig for Volvo.
– Men Volvo har jobba mykje med kjønn over lang tid, og har sett kjønn i samband med produktutvikling. Dei har hatt større medvit om dette enn veldig mange andre. Eg kjenner ikkje til så mange liknande tilfelle. Det kan også ha å gjere med Volvos tradisjonelle tilhøyrsel til Sverige der dette lenge har vore på agendaen.
Vinnova, det svenske forvaltingsorganet for innovasjon, hadde heilt til nyleg eit tydeleg fokus på kjønnsperspektiv i innovasjon, og dette var med på å auke medvitet om det. Men parallelt med den generelle politikkutviklinga er dette fokuset blitt svekka dei seinare i åra, i heile Norden, meiner Alsos.
– Reflekterer djupe mønster
– Kjønnsubalanse i innovasjon reflekterer dessutan ubalanse i ingeniørutdanningane. Og det har å gjere med kven som arbeider i avdelingane for innovasjon og produktutvikling, kven som har kontakt med kundar og kan melde tilbake behov og så bortetter, seier ho. Alt dette har noko å seie for kva kunnskap ein søker, seier Alsos.
Ho har tidlegare vist gjennom si forsking korleis innovasjon utført av kvinner ofte ikkje blir rekna som innovasjon.
Alsos åtvarar mot å tru at verda vil bli betre tilpassa kvinner om vi berre får fleire kvinner inn i laga som jobbar med innovasjon.
Vi har ein veldig lang historisk verknad av ein kultur som kjønnsdeler samfunnet.
– Sjølvsagt kan det ha noko å seie dersom ein har gjort seg personlege erfaringar, til dømes opplevd at det er upraktisk å køyre bil som gravid. Men desse kjønnsdelte mønstera ligg likevel så djupt forankra i oss alle saman, kvinner som menn, at vi alle har lett for å reprodusere dei.
Vinnovas fokus på kjønnsperspektiv viser likevel at tiltak kan ha effekt, meiner ho.
– Ein må berre ikkje forvente direkte og umiddelbar effekt. Vi har jo ein veldig lang historisk verknad av ein kultur som kjønnsdeler samfunnet, men samstundes veit vi at det har skjedd store endringar i samfunnet på dette feltet. Så forandring er mogleg om ein har medvit om det og er tolmodig med verkemidla.
Manglar kunnskap
Anne Kjersti Fahlvik, områdedirektør for næringsliv og teknologi i Forskingsrådet, erkjenner at kjønnsperspektiv på innovasjon er eit felt der det framleis manglar mykje kunnskap. Det blir tydeleg når Forskingsrådet arbeider med å implementere sin policy for kjønnsbalanse og kjønnsperspektiv i forsking og innovasjon, som var gjennom ein revidering hausten 2018.
– No er vi spesielt opptekne av å få meir kunnskap om strukturelle og kulturelle aspekt som er til hinder for endringar, seier ho.
Tradisjonelt har kjønnsbalanse vore ei større utfordring i teknologiske fag enn i humaniora og samfunnsvitskap, og det kan føre til at oppoverbakken mot å integrere kjønnsperspektiv blir enno brattare i dei teknologiske faga.
Samstundes trekk Fahlvik fram Forskingsrådets ordning for studententreprenørar som døme på grunnar til å vere optimistisk. Dette er ei ordning der masterstudentar kan få tildelt ein million kroner i eitt år for å realisere ein forskingsbasert forretningside i samarbeid med eit universitet eller ein høgskule.
Studentar gjev von
– Av dei 13 prosjekta som vart innvilga i 2018, hadde berre eitt kvinneleg prosjektleiar. Det kunne vi ikkje leve med. Det er jo ikkje slik at det er låg kvinneandel mellom masterstudentar, men kanskje ein del kvinner kvir seg for å ta steget ut i entreprenørskap. Så det tok vi tak i.
Ved årets tildeling var kvinneandelen oppe i 44 prosent.
– No er det ingen direkte samanheng mellom kvinneleg prosjektleiar og kjønnsperspektiv på innovasjon, men studententreprenørane representerer eit stort mangfald, og med målretta jobbing er eg viss på at vi kan få til fleire prosjekt av den typen Volvo har gåande.
– Det morosame med studententreprenørane er at dei ikkje er prega av tradisjonar. Sjølv om ordninga berre utgjer ein liten del av arbeidet vårt, så kan ho vonaleg tene som ei illustrasjon på kva retning vi er på veg i, seier Fahlvik.
Les også Forskningsrådets direktør Jon Arne Røttingens kronikk om kjønnsperspektiv i forsking: Kjønnsdimensjonen må integreres bredt i forskning
- Volvo har lansert E.V.A.-prosjektet, der 40 år med forsking på biltryggleik for begge kjønn og alle kroppsformer blir gjort offentleg tilgjengeleg i eit digitalt bibliotek slik at kven som helst kan gjere seg nytte av materialet.
- Prosjektet viser at kvinner er meir utsette enn menn for visse typar skader i ein bilkollisjon. Forskjellar i til dømes anatomi og nakkestyrke mellom gjennomsnittlege menn og kvinner medfører at kvinnene har større risiko for å få nakkeslengskader.
- Volvos initiativ er eit unnatak i denne typen bransje, trur Gry Alsos, professor ved Handelshøgskulen ved Nord universitet. Ho meiner at marknadsvurderingar er den mest openberre forklaringa når kjønnsperspektiv kjem inn i design og innovasjon.