Fredsarbeid kan gjere kvinner meir utsette

Dei seinare åra er kjønn blitt ein viktig faktor i det internasjonale arbeidet mot ekstremisme. Men forskarar fryktar at når kvinner skal vere førstelineforsvar mot radikalisering, blir dei samtidig meir sårbare.
I år 2000 vedtok FNs tryggingsråd ein resolusjon om kvinner, fred og tryggleik. Bilete viser Phumzile Mlambo-Ngcuka som er leiar av FNs kvinneorganisasjon UN Women.

I år 2000 vedtok FNs tryggingsråd ein resolusjon om kvinner, fred og tryggleik. Her heitte det mellom anna at medlemsland skal gje kvinner og jenter vern mot vald, særleg seksuell og kjønnsbasert vald, i væpna konfliktar. Dessutan skal medlemsland auke kvinners deltaking i fredsforhandlingar, støtte kvinners fredsarbeid og auke kvinners politiske deltaking på alle nivå.

Seinare er resolusjonen blitt følgt av fleire andre  offisielle dokument frå både nasjonale regjeringar og internasjonale organisasjonar. Til saman utgjer dei eit internasjonalt rammeverk for arbeid med kvinners roller i konfliktar og konfliktførebygging.

Les også: Advarer mot enkle sannheter om kvinner i krig

Kvinner som tryggleiksaktørar

– Ein viktig del av agendaen som FN-resolusjonen var opphav til, er å utfordre tradisjonelle kjønnsroller. Ein seier mellom anna at varig fred etter konflikt er umogleg utan at kvinner tek del i fredsforhandlingane, seier professor ved Universitetet i Oslo (UiO), Inger Skjelsbæk.

Inger Skjelsbæk er professor ved Universitetet i Oslo (UiO). Foto: Lasse Moer/UiO

– Og for at det skal skje, må kvinner ha utdanning og representasjon i politiske fora. Dermed går denne agendaen også hand i hand med FNs berekraftsmål.

Skjelsbæk leier Senter for tverrfagleg kjønnsforsking. Ho er også med UiOs Senter for ekstremismeforsking (C-REX), der ho leier forskingssatsinga på kjønn og ekstremisme saman med Katrine Fangen.

Nyleg publiserte Skjelsbæk ein vitskapleg artikkel i lag med  kollegaene Julie Hansen og Jenny Lorentzen ved PRIO (Institutt for fredsforsking). Der gjekk dei igjennom ei mengd slike offisielle dokument knytt til kjønn og førebygging av ekstremisme. Dei ville undersøke korleis kjønnsroller og kjønnsidentitet blir omtala i slike dokument, og korleis kjønn blir knytt til førebyggingsarbeid.

Eit interessant funn er at der FN-resolusjonen frå 2000 er progressiv, endringsorientert og tek utgangspunkt i at kvinner har mange ulike identitetar og roller, så er retorikken i mange av dei seinare dokumenta motsett.

– Mange av tekstane vi ser på, tek i staden utgangspunkt i etablerte kjønnsroller og ber kvinner vere tryggleiksaktørar i eigne heimar og nærmiljø. Ein seier at fordi kvinner ofte har tradisjonelle roller, så kan dei førebygge ekstremisme hjå dei mannlege slektningane sine, fortel Skjelsbæk.

Ser på kvinner som fredelege

Mange av dei offisielle dokumenta om kjønn og førebygging, ser ut til å byggje på mytar om at kvinners og menns roller i konflikt er fundamentalt ulike: Kvinner blir gjerne sett som ibuande fredelege av natur. Dersom dei deltek i ekstremistisk vald, er det eit avvik frå kjønnsnorma som gjerne blir forklart med at dei er blitt overtalde av ein mannleg slektning eller kjærast, eller har opplevd personlege traumer av eitt eller anna slag. Medan menn som deltek i det same, gjer det av ideologisk overtyding. Dermed blir kvinner gjerne løfta fram som naturlege og viktige motstemmer mot ekstremisme. Dei kan vere konfliktdemparar og snakke fornuft med meir ideologisk drivne brør, søner og fedrar.

Ideen om at kvinner er ibuande fredelege og ikkje støttar ekstremt tankegods, stemmer ikkje.

– Både vi og andre forskarar meiner det er problematisk å løfte fram kvinner som motstemmer til ekstremistisk retorikk og politikk. For når ein gjer det, så gjer ein samtidig kvinnene meir utsette og sårbare i privatsfæren deira, seier Skjelsbæk.

Ho fortel at det er ei heilt reell problemstilling for mange som arbeider i frivillige organisasjonar med internasjonal finansiering, i land der det også finst ekstremistiske grupperingar.

– Desse organisasjonane kan ha noko heilt anna som hovudaktivitet, til dømes utdanning for kvinner. Men så vil dei som gjev dei pengar, at dei også skal drive antiterrorarbeid. Det kan gjere dei veldig utsette. Og det er noko ein skal tenkje nøye igjennom når ein tenkjer at det er bra å spele på lag med kvinner og bruke dei i valdsførebygging.

Søkjelys på islamisme

Samstundes har forskarane funne få teikn til refleksjon rundt menns roller i dokumenta dei har studert.

– Menn er utan vidare definert som problemet, og det er også uheldig. Det er jo ikkje alle menn som blir ekstremistar, sier ho.

– I den grad dokumenta nemner at menn kan vere motstemmer og førebygge ekstremisme, så handlar det om menn i leiarstillingar, til dømes i moskeen.

For tekstane som er gjennomgått, tek nesten berre for seg rekruttering til islamistiske ekstremistgrupperingar i det globale Sør. Forskarane fann ikkje dokument som til dømes såg på korleis ein kan førebygge rekruttering av kvinner til høgreekstremistiske grupperingar i det globale Nord.

– Ytre høgre, som både Noreg og Europa no ser på som det største ekstremistiske trugsmålet i vår del av verda, er ikkje behandla i desse dokumenta, seier Skjelsbæk.

– Det kjem nok av at vi berre har sett på dokument frå perioden 2000–2017. Hadde vi gjort analysen på nytt med nyare tekstar, ville nok dette ha endra seg.

Vi veit at kvinner som deltek i grupperingar på ytre høgre, er aktive og gjerne har leiarposisjonar, fortel Skjelsbæk.

– Så ideen om at kvinner er ibuande fredelege og ikkje støttar ekstremt tankegods, stemmer ikkje. Policylitteraturen har nok ikkje teke forskinga heilt innover seg. Det vil seie at den politiske tenkinga omkring kva rolle kjønn kan spele i førebyggande arbeid, må bli meir nyansert. Og det same må tenkinga omkring korleis rekruttering til ytre høgre skjer.

Les også: Kvinnelige soldater: Fredsbevarende engler eller like tøffe som gutta?

Komplekst farvatn

Noko av forklaringa på spriket mellom den progressive FN-resolusjonen og det tradisjonelle synet på kjønn i mange av dei andre dokumenta, kan vere at dette er eit felt som ulike miljø nærmar seg på ulikt vis, trur, Skjelsbæk.

Kvinnene det gjeld, må sjølve få ta del i dei vurderingane og avgjerdene som vert tekne.

– Eitt miljø arbeider med teamet kvinner, fred og tryggleik, medan antiterrorisme blir handsama i andre politiske miljø. Difor er feltet noko prega av silotankegang. Men det er også særs komplekst  farvatn, seier ho, og illustrerer:

– Nokre ekstremistgrupper, som Boko Haram og IS, er jo fundert på ekstremt konservative kjønnsroller. Så dersom ein nærmar seg ekstremismeførebygging med utgangspunkt i ein progressiv politisk agenda, kan ein risikere å i staden berre akselerere desse gruppene sin kamp for tradisjonelle kjønnsroller.

Prioriterer kvinner i Tryggingsrådet

I fjor vart Noreg valt inn som medlem i FNs tryggingsråd for perioden 2021–22. Regjeringa har annonsert at arbeid for å løyse og førebygge konfliktar, verne sivile, og sikre kvinners deltaking og rettar i fredsprosessar, vil vere prioriterte oppgåver for Noreg i Tryggingsrådet.

Audun Halvorsen er Statssekretær i Utanriksdepartementet (UD). Foto: Fotograf Sturlason/UD

Statssekretær i Utanriksdepartementet (UD), Audun Halvorsen, fortel i ein epost at ein er merksame på faren kvinner kan bli utsette for når dei deltek i tryggleiks- og førebyggingsarbeid. Samtidig framhevar han at denne frykta ikkje må føre til at kvinner blir utestengde frå internasjonale politiske fora:

– Det at kvinner som vert inviterte til å uttale seg i Tryggingsrådet, vert utsette for represaliar, er noko vi ser alvorleg på, seier han.

– Men sjølv dei kvinnene som vert utsette for dette, er tydelege på at det verste det internasjonale samfunnet kan gjere, er å hindre dei i å bli høyrde.

Kvinnenettverka som arbeider tettast opp mot Tryggingsrådet, er alle samde i at vern ikkje må føre til lågare deltaking, ifølgje Halvorsen.

– Kvinnene det gjeld, må sjølve få ta del i dei vurderingane og avgjerdene som vert tekne. Det vil seie at alle førebyggjande tiltak og tryggingstiltak må tilpassast situasjonen til den einskilde, og tiltaka må utarbeidast i dialog med dei personane det gjeld. Det finst inga enkel løysing som kan gjelde for alle.

– Synlegheit beste vern

Halvorsen fortel at Noreg arbeider for at Tryggingsrådet skal ta med kjønnsperspektivet i heile den globale freds- og førebyggingsinnsatsen sin, medrekna førebygging av og kamp mot valdeleg ekstremisme. Deltaking frå kvinner, også unge kvinner, er ein viktig del av denne innsatsen, framhevar han.

– Kvinner, som menn, kan ta på seg ulike roller i konflikt og sårbare situasjonar. Vi meiner difor at det er spesielt viktig å støtte opp om kvinners involvering og leiarskap, seier han.

– Dette kan medverke til å førebyggje valdeleg ekstremisme og bidra til avradikalisering, reintegrering og forsoning. I FN støttar Noreg mellom anna Generalsekretæren sin handlingsplan mot valdeleg ekstremisme.

Kvinnenettverka har lagt fram alternative fortellingar og vore viktige i kampen mot radikalisering i 2020.

Halvorsen understrekar at avveginga mellom tryggleik og deltaking er ei problemstilling som også gjeld utanfor FN-settinga, på andre område der Noreg støttar kvinners deltaking i freds- og menneskerettsarbeid.

Noreg støttar mellom anna arbeidet til International Civil Society Action Network, The Women's Alliance for Security Leadership (ICAN WASL). Det er ein paraplyorganisasjon som støttar rundt 90 kvinnenettverk som arbeider mot valdeleg ekstremisme rundt i verda.

– Desse nettverka lever dagleg med truslar om represaliar, men har likevel det siste året særleg kjempa mot ekstremistar som har brukt pandemien til å fremje si sak, seier Halvorsen.

– Kvinnenettverka har lagt fram alternative fortellingar og vore viktige i kampen mot radikalisering i 2020. ICAN WASL er òg heilt klare på at det beste vernet desse kvinnene kan få, er å gjere kjent namna og arbeidet deira.

Se også: Kjønnsavdelingen: Bonusepisode!

Større forskingsmangfald

Inger Skjelsbæk ved UiO fortel at når det gjeld kjønn og ekstremisme, så er forskinga i rask utvikling.

– Særleg treng vi meir forsking på mobilisering gjennom antifeminisme. Då snakkar vi særleg om ytre høgre og om nettsamfunn der menneske blir radikaliserte gjennom klare kjønnsdiskursar og antifeminisme, seier ho.

Vi ser stadig at kjønn blir eit omdreiingspunkt for mykje populistisk politikk, og ein knagg ein kan hekte ei rad politiske ideologiar på. Det merkar ein både i vår eigen del av verda og andre stader, og dette er noko vi må forstå betre, meiner Skjelsbæk. Sjølv merkar ho at dette er felt som interesserer studentane.

– Som leiar av Senter for tverrfagleg kjønnsforsking, som tradisjonelt har vore dominert av kvinner, tykkjer eg det er interessant å sjå at mange menn interesserer seg for spørsmål knytt til tryggleik, ekstremisme og kjønn, seier ho.

– Dei ser at det er noko med rekrutteringa til slike grupper som kan knytast til kjønn, og at vi mellom anna må forstå maskulinitet på nye måtar. Det gjer at vi får eit større tilfang av ulike typar forskarar som ser på slike problemstillingar. Det er bra både for kjønnsforskinga og for forskinga på ekstremisme, seier ho.

Fakta
  • FN-agendaen for kvinner, fred og tryggleik byggjer på Tryggleiksrådets resolusjon 1325, som vart vedteken i oktober 2000.
  • Seinare er resolusjonen blitt følgt av fleire andre FN-resolusjonar, i tillegg til offisielle dokument frå både nasjonale regjeringar og internasjonale organisasjonar som EU, Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE), Samanslutninga av søraustasiatiske statar (ASEAN) og Den afrikanske unionen.
  • Til saman utgjer dokumenta eit internasjonalt rammeverk for arbeid med kvinners roller i konfliktar og konfliktførebygging.
  • I artikkelen «Hopes and misguided expectations: How policy documents frame gender in efforts at preventing terrorism and violent extremism» har Inger Skjelsbæk, Julie Hansen og Jenny Lorentzen analysert i mengd slike dokument for å sjå korleis spørsmål om kjønn og ekstremisme er handsama.
  • Artikkelen er publisert i eit spesialnummer av tidsskriftet Politics, Religion & Ideology, som tek for seg kjønn og ekstremisme. Dei fleste andre artiklane i spesialutgåva handlar om høgreestremisme.

Siste saker

Kalender

Nyhetsmagasinet

Vårt nyhetsmagasin er en uavhengig nettavis og medlem i Fagpressen.